Vennskap Nord/Sør skaper dialog mellom mennesker fra lokalsamfunn i Norge og i sør, gjennom likeverdig og gjensidig vennskapssamarbeid som bidrar til utvikling både i sør og nord.
Jeriko kommune i Palestina er vennskapskommunen til Lærdal. Den første kontakten mellom Jeriko og Lærdal blei gjort i 1997. Under Lærdalsmarknaden i 1998 vart avtalen underskriven i Kvammegården av dei to ordførarane.
Vennskapsarbeidet blir no drive av organisasjonen Vennskap Jeriko – Lærdal, som vart stifta 6. april 2000. To av styremedlemene er innvalde frå kommunen, dei tre andre frå medlemsorganisasjonen.
Jeriko
Jeriko er ein grøn oase i Jordan-dalen og blir gjerne kalla Palmebyen. Byen ligg 10 km nord for Daudehavet og 30 km aust for Jerusalem. Jeriko ligg heile 250 meter under havnivået, og har eit klima med varme somrar og milde, solrike vintrar. )
Jeriko er ein jordbruksby, særleg kjend for å produsere fine sitrusfrukter, dadlar, bananar, blomster og vintergrønsaker. Det gode klimaet har óg gjeve grunnlag for turisme i uminnelege tider.
Jeriko er rekna for å vere verdas eldste by, dei eldste utgravne ruinane er 10 000 år gamle. Dei eldgamle bymurane er kanskje det fremste reisemålet for den som kjem til Jeriko, men byen har også mange andre viktige historiske stader, ikkje minst kjende frå Bibelen. Framleis står morbærtreet som tollaren Sakkeus klatra i, og utanfor byen kan ein sjå Fristelsens fjell og Jesu døypestad ved Jordanelva. Ein kan og oppleve Dier hajlah eller St.Georgs kloster, for ikkje å nemne ruinane av det fantastiske Hishams palass.
Ikkje minst er Elisjas kjelde verd eit syn, denne vasskjelda gjev byen både drikkevatnet og mykje av vatningsvatnet. Denne kjelda er også nemnt i Bibelen, då profeten Elisja reinsa vatnet der.
Det bur om lag 17.000 menneske i Jeriko, eller 25.000 om ein reknar med landsbyane og flyktningleirane omkring. Jeriko er den første palestinske byen som fekk sjølvstyre, i 1994.
Vennskap Jeriko – Lærdal
Organisasjonen vart stifta 6. april 2000, og har vel 70 medlemmer. Vennskap Jeriko-Lærdal er medlem av organisasjonen Vennskap Nord-Sør.
Vennskap Jeriko – Lærdal er ein partipolitisk og religiøst nøytral organisasjon som byggjer på intensjonane i vennskapsavtalen mellom Jeriko og Lærdal, underskriven av ordførarane i dei to kommunane 20. juni 1998. Gjennom reiser og utveksling av erfaringar og kunnskap på ulike område, skal ein arbeide for å utvikle mellommenneskelege forhold og forståing mellom to ulike kulturar.
Kva gjer vi?
· Det viktigaste i vennskapsarbeidet er at folk frå Jeriko og Lærdal kan møtast, bli kjende med einannan og utveksle erfaringar med kvarandre. Difor arbeider vi med planar om tur til Jeriko, når byen på ny vert open og tilhøva i dei palestinske områda er fredelegare. På tross av intifadaen kunne me til slutt ta imot gjester frå Jeriko i januar 2002. Gruppa inkluderte ein lærar, ein vasskraftingeniør og ein frå skuleadministrasjonen i Jeriko. Vi ynskjer også idrett- og kulturutveksling.
I juni 2004…
· Vi er i jamnleg kontakt med Jeriko via telefon og e-post, no er det ekstra viktig at Jeriko veit dei også har vener i Lærdal!
· Vi informerer i Helg & Kvardag og i aviser og nettmeddia. Alle medlemmene mottek bladet “Vennskap Nord-Sør” og anna informasjonsmateriell frå VNS.
Har du spørsmål til oss eller lyst til å vere med på dette, så ta kontakt med oss!
Medlemsskap
Enkeltpersonar, lag, organisasjonar, bedrifter og institusjonar kan melda seg som medlemmer av Vennskap Jeriko – Lærdal. Medlemskontingent: einskildmedlemmer vaksne kr 100, barn kr 25, verksemder/institusjonar kr 150. Bankgiro 3838.13.52398.
http://jericholaerdal.org/